I det fjerde og siste nummeret av Språknytt i år kan du lese eit intervju med kokken Harald Osa. Når mange kokkar set bresert på menyen, seier Osa grytekokt. Du får vidare vite kven som fekk Språkprisen 2009, og kva for planar Språkrådet har for arbeidet med terminologi og fagspråk.
Dersom du lurer på kvifor det heiter å gjere si borgarplikt og med brask og bram, kan du få svar i dette nummeret. Kva er sams i tydinga av substantivet insekt og verbet å skjere? Har du undra deg over orda epistel, apostel, engel og evangelium?
På denne sida finn du nokre smakebitar frå dette nummeret. Til høgre finn du lenkjer til heile innhaldet. Du kan òg laste ned nummeret i pdf.
Intervjuet: Smaken av OsaDu har sett han på «Smaken av Norge» på TV 2 og kanskje i «Kokkekamp». I kokkekrinsar er han vidkjent. No har Harald Osa leidd prosjektet Nordisk menyspråk i hamn. Det skal gi oss meir smak for eigne matord.
Nordisk menyspråk er summen av arbeidet med 30 nasjonale rettar frå kvart av dei nordiske landa. Målet har vore å dempe inflasjonen i utanlandske termar for nordisk mat.
Pådrivaren for dette arbeidet i Noreg er stiftinga Norsk Matkultur, og leiaren her er Harald Osa.
Ny terminologitjeneste i Språkrådet
Språkrådet har i haust etablert ei ny terminologiteneste. Tenesta skal arbeide med fagspråk og ta initiativ til og samordne utvikling av terminologi på norsk. Tre stillingar utgjer tenesta, to av dei er nye i haust.
Språkrådet har i mange år arbeidd med terminologi og fagspråk så langt ressursane har rokke til. Frå i haust er det to nye stillingar på området i sekretariatet, der det er skipa til ei intern terminologiteneste.
Med andre ord: Skrifta på veggen
Få nordmenn snakkar om blackboard, men likevel bruker stadig fleire ordet whiteboard, eller til og med det pleonastiske whiteboard-tavle om kvite tusjtavler. Avløysarordet tusjtavle har alt fest seg nokolunde som namn på denne tavla – eit like godt motstykke til krittavle som blackboard er til whiteboard.
Kolofon
Ansvarlig redaktør: Sylfest Lomheim
Redaktører: Svein Nestor og Åsta Norheim
Signerte artikler fra eksterne skribenter står for forfattarens syn.
ISSN 0806-2870 (elektronisk utgave)
ISSN 0333-3825 (trykt utgave)
Forsidebilde © Bo Mathisen / VG / Scanpix
Dette nummeret av Språknytt kom ut i desember 2009