Eit nytt kompetansesenter for norsk språk
Departementet er i gang med å skipa eit nytt kompetansesenter for norsk språk i staden for Norsk språkråd, i samsvar med det opplegget som vart skissert i St.prp. nr. 1 (2002–2003).
Norsk språkråd vart skipa som eit organisatorisk uttrykk for eit ynske om å byggja ned frontlinene i språkstriden og leggja til rette for språkfred. Langt på veg har Norsk språkråd lukkast i dette, og det er ikkje lenger dei tradisjonelle rettskrivingsspørsmåla som representerer dei største utfordringane i ein framtidsretta språkpolitikk. Språkvern eller språkstyrking i vid meining, ved sida av tradisjonell språkrøkt, står fram som meir påtrengjande oppgåver. Dette gjer det naturleg å kanalisera den statlege innsatsen inn i organisatoriske former som er betre tilpassa ei ny tid.
Jamvel om Norsk språkråd har representert ein arena for språkpolitisk tilnærming og forsoning, er dei gamle motsetnadene til dels ein refleks av ulike språkpolitiske grunnsyn som knapt vil forsvinna, og som er ein del av eit verdfullt språkpolitisk engasjement. Den nye institusjonen kan difor ikkje gøyma dei gamle motsetnadene, men må vera open for debatt om alle spørsmål som melder seg. Ambisjonen bør likevel vera at institusjonen som operativ aktør konsentrerer innsatsen sin om saker som kan vinna brei tilslutnad hjå dei som er opptekne av vilkåra for norsk språk i vid meining, jamvel om dei kan ha ulike syn i meir tradisjonelle språkpolitiske spørsmål. Dette vil gje institusjonen større legitimitet og gjennomslagskraft.
Det nye kompetansesenteret skal ha eit språkleg forvaltaransvar. Det skal stimulera språkleg kvalitet og aktivt fremja bruk av norsk språk som ein funksjonell reiskap i alle delar av samfunnet og formidla verdien av norsk språk som ein innebygd del av norsk kulturarv. Dette arbeidet må byggja på kunnskap om språkleg tradisjon og observasjon av aktuell språkutvikling. Kompetansesenteret skal stå til teneste for dei som treng råd og rettleiing, hjelp og støtte i språklege spørsmål. Det nye organet må kunna arbeida strategisk, både gjennom prioritering av oppgåver og i måten det opptrer på overfor samfunnet ikring.
(Frå St.meld. nr. 48 (2002–2003) Kulturpolitikk fram mot 2014. Kap. 12.3)