Alle formene har god støtte i dialektane, men vårt mandat er å stramma inn. På den andre sida er dette ”signalord” som betyr mykje for mange. Aleine, da og mye er jamstelte hovudformer i dag, mens bare, noen, nå og so er sideformer.
- aleine el. åleine
- bare el. berre adv.
- da el. då
- mye el. mykje
- noen el. nokon
- nå el. no
- so el. så
Nemnda er òg interessert i innspel om kjøra el. køyra. Begge formene har eit breitt dialektgrunnlag, og følgjer i mange tilfelle ikkje same utbreiing som høra/høyra. Kombinasjonen høyra, men kjøra er ikkje uvanleg i mange dialektar.
Eit anna spørsmål nemnda har diskutert, er namna på vekedagane. I dag heiter det sundag el. søndag. Bør me ta inn alternativ også til måndag, tysdag, laurdag – dvs. mandag, tirsdag, lørdag?