Terminologitenesta er ein del av Språkrådet. Tenesta skal ta initiativ til og samordne utvikling av terminologi og fagspråk på norsk. Tenesta vart etablert som eit resultat av St.meld. nr. 35 (2007–2008) «Mål og meining. Ein heilskapleg norsk språkpolitikk» som vart behandla i Stortinget i 2009.
Oppgåver
- ta initiativ, leggje til rette og samordne innanfor arbeid med norsk terminologi og fagspråk
- vere aktiv pådrivar for det forskings- og utviklingsarbeidet som skjer i desentraliserte institutt- og fagmiljø
- koordinere det praktiske terminologiarbeidet som blir gjort i privat og offentleg sektor i dag
- assistere faglege miljø på området, og hjelpe til med å utvikle termbaseprosjekt forankra i høgare utdanning og i andre miljø
- byggje utoverretta alliansar for å skape større breidd i interessa og ansvaret for terminologi og fagspråk
- svare på spørsmål om fagspråk frå publikum og ha særleg ansvar for å gje råd til offentleg forvaltning i terminologispørsmål
Kontaktinformasjon
Terminologitenesta
Telefon: 22 54 19 50
E-post: term(a)sprakradet.no
Koordinator, seniorrådgjevar Jan Hoel
Telefon: 22 54 19 59
E-post: jan.hoel(a)sprakradet.no
Rådgjevar Ole Kristian Våge
Telefon: 22 54 19 79
E-post: ole.vage(a)sprakradet.no
Rådgjevar Marianne Aasgaard
Telefon: 22 54 19 65
E-post: marianne.aasgaard(a)sprakradet.no
Sist oppdatert: 1. april 2011