Fastsett av Kultur- og kyrkjedepartementet 1. juni 2007 med heimel i lov 18. mai 1990 nr. 11 om stadnamn § 13 første ledd.
Innhald
§ 1. Generelle reglar om skrivemåten av stadnamn
§ 2. Normering av lydleg lånte stadnamn i fleirspråklege område
§ 3. Særlege reglar om skrivemåten av norske stadnamn
§ 4. Særlege reglar om skrivemåten av samiske stadnamn
§ 5. Særlege reglar om skrivemåten av kvenske stadnamn
§ 6. Bruk av eittspråklege namn
§ 7. Bruk av fleirspråklege namn
§ 8. Saksbehandling
§ 9. Vedtak
§ 10. Klage
§ 11. Klagenemnda
§ 12. Verknad av klage
§ 13. Gjenopptaking
§ 14. Stadnamnkonsulenttenesta
§ 15. Sentralt stadnamnregister
§ 16. Iverksetjing
§ 1.Generelle reglar om skrivemåten av stadnamn
Det skal takast omsyn til tidlegare normeringspraksis så langt ein kan gjere det utan å komme i strid med lova. Når nye namneobjekt skal namnsetjast, bør namneskikken på staden følgjast.
Ved namn på større og/eller særleg kjende lokalitetar kan det takast omsyn til innarbeidd skrifttradisjon. For samiske eller kvenske namn skal det særleg takast omsyn til munnleg tradisjon.
Skrivemåten i primærfunksjonen skal som hovudregel vere retningsgivande for skrivemåten i dei andre funksjonane.
[Til toppen]
§ 2.Normering av lydleg lånte stadnamn i fleirspråklege område
Lydleg lånte stadnamn som har fått ein innarbeidd uttale, skriv ein etter rettskrivingsreglane i låntakarspråket. (Døme 1: norsk Badderen, kvensk Paattari av samisk Báttar. Døme 2: Skvensk Kiiperi av norsk Kiberg.)
Ikkje-innarbeidde namneformer skal skrivast i samsvar med reglane i opphavsspråket. (Døme: Šihčajávri. Namnet skrivast etter reglane i nordsamisk fordi lokaliteten har ikkje-innarbeidde namn på andre språk.)
Om eit lånt stadnamn inneheld eit ledd, oftast forledd, som er brukt i eit stadnamn i eit anna språk, kan namneleddet skrivast i samsvar med rettskrivingsreglane i dette språket. Den andre delen av stadnamnet, oftast etterleddet, skriv ein i samsvar med rettskrivingsreglane i låntakarspråket. (Døme: Kaiskikotavatnet, Lallakuruvegen.) I andre tilfelle skriv ein namneleddet i samsvar med reglane i låntakarspråket. (Døme: Tjorteberget, Gottivollen, Kontefjellet.)
[Til toppen]
§ 3. Særlege reglar om skrivemåten av norske stadnamn
Ved fastsetjing av skrivemåten skal det veljast ei tillaten form i den målforma som passar best med den nedervde lokale uttalen. Det kan likevel veljast regionale samleformer eller reine dialektformer når særlege grunnar talar for det.
Namn som inneheld allment kjende ord eller namneledd, skal som hovudregel rette seg etter gjeldande rettskriving.
Ved fastsetjing av skrivemåten av bruksnamn skal det leggjast særleg vekt på det ønsket eigaren har når det gjeld skrivemåte.
[Til toppen]
§ 4. Særlege reglar om skrivemåten av samiske stadnamn
Ved fastsetjing av skrivemåten av samiske stadnamn skal det takast utgangspunkt i den nedervde lokale uttalen. Skrivemåten skal følgje gjeldande rettskrivingsprinsipp i nordsamisk, lulesamisk eller sørsamisk. Nordsamisk rettskriving skal brukast i Finnmark, Troms og i Nordland sør til Tysfjord kommune. Lulesamisk rettskriving skal brukast herfrå og sørover til Meløy kommune. Frå Rana kommune skal sørsamisk rettskriving brukast. I grenseområda for dei enkelte språkområda skal ein bruke den rettskrivinga som passar best med den nedervde lokale uttalen. Dersom det er brukt fleire samiske namn på same namneobjektet, skal det eldste namnet som hovudregel brukast av det offentlege.
I avveginga av dei ulike omsyna skal ein leggje særleg vekt på at stadnamna får ein mest mogleg einskapleg skrivemåte innanfor det samiske språkområdet.
Namn som inneheld allment kjende ord eller namneledd, skal som hovudregel skrivast i samsvar med gjeldande rettskriving. Dialektformer av namn og namneledd som ikkje finst andre stader, kan ein skrive i samsvar med den lokale uttalen.
[Til toppen]
§ 5. Særlege reglar om skrivemåten av kvenske stadnamn
Ved fastsetjing av skrivemåten av kvenske stadnamn skal ein ta utgangspunkt i den nedervde lokale uttalen.
[Til toppen]
§ 6. Bruk av eittspråklege namn
Når eit namneobjekt har berre eit samisk namn, eit kvensk namn eller eit norsk namn, skal dette namnet brukast utan omsetjing eller tilpassingar.
[Til toppen]
§ 7. Bruk av fleirspråklege namn
Dersom eit namneobjekt har samisk og/eller kvensk namn i tillegg til eit norskspråkleg namn, og namneformene er i bruk blant folk som bur fast på eller har næringsmessig tilknyting til staden, skal begge eller alle namna brukast.
I samanhengande tekst bruker ein det namnet som samsvarer med språket i teksten.
På skilt eller kart o.l. der det blir brukt meir enn eitt namn, skal vedtaksorganet fastsetje rekkjefølgja av namna. Ved fastsetjing av rekkjefølgja skal ein ta omsyn til språkbruken på staden. I forvaltningsområdet for samisk språk skal rekkjefølgja vere samisk, norsk, kvensk.
Der det av praktiske årsaker er særskilt vanskeleg å bruke fleire namn, skal det ved valet mellom norsk, samisk og kvensk leggjast vekt på kva for eit namn som har lengst tradisjon og er best kjent på staden. Det norske namnet treng ikkje vere med dersom det er ei fornorska form av det samiske eller kvenske namnet, skil seg lite frå det og ikkje er i vanleg bruk i den norske forma. (Døme: norsk Skaidi av samisk Skáidi.)
[Til toppen]
§ 8. Saksbehandling
Dei som vil ta opp saker om fastsetjing av skrivemåten av stadnamn, må ta dei opp med det organet som etter stadnamnlova § 5 andre til fjerde ledd skal gjere vedtak om skrivemåten. Organet skal sjå til at saka er så godt opplyst som mogleg før det blir gjort vedtak. Dersom ei sak synest å vere særleg innfløkt, kan det innhentast førebels tilråding frå namnekonsulentane.
Vedtaksorganet skal førebu og avgjere saka utan ugrunna opphald. Det skal setjast av to månader til høyring av dei som etter stadnamnlova § 6 første ledd har rett til å uttale seg, og to månader til saksbehandlinga hos namnekonsulentane.
I område med samiske og/eller kvenske stadnamn må saka også sendast til namnekonsulentane for samisk og/eller kvensk slik at dei kan vurdere om saka gjeld parallellnamn og gi ei førebels tilråding om skrivemåten. Samiske og kvenske organisasjonar skal få saker som gjeld samiske og kvenske stadnamn, tilsende direkte.
I saker der same namnet er brukt om ulike namneobjekt på same staden, skal skrivemåten i primærfunksjonen fastsetjast først. Vedtaksorganet må sjå til at alle funksjonane av namnet blir tekne opp i namnesaka. Namnekonsulenttenesta samordnar vedtaksprosedyren slik at skrivemåten i primærfunksjonen blir vedteken først.
Statens kartverk kan gjere samlevedtak for skriftformer av namn eller namneledd innanfor same administrative område. Slike vedtak kan gjelde naturnamn og umatrikulerte seternamn. Samlevedtak kan berre brukast der dialektformene i det aktuelle området gjer slike vedtak naturlege.
[Til toppen]
§ 9. Vedtak
Vedtak skal vere skriftlege. Fagleg grunngiving for avgjerda skal givast samtidig med vedtaket for bruksnamn og gardsnamn. Dei som har klagerett etter stadnamnlova § 10 første ledd, kan krevje å få grunngivinga etterpå for andre enkeltnamn. Grunngivinga skal vise til den regelen vedtaket byggjer på, og om nødvendig sitere denne. Dei faglege føresetnadene og den vurderinga som ligg til grunn for vedtaket, skal også takast med.
Melding eller kunngjering om vedtak skal innehalde opplysningar om klagerett, klagefrist, framgangsmåte ved klage, vidare om rett til å sjå saksdokumenta og om høve til å søkje om utsett iverksetjing av vedtaket til klagefristen er ute eller klaga avgjord.
Klagefristen er tre veker frå melding om vedtaket er kommen fram. Dersom meldinga skjer ved offentleg kunngjering, tek klagefristen til den dagen vedtaket blei kunngjort første gongen.
Det organet som gjer vedtak, skal sende melding til partane i saka, til vedkommande kommune/fylkeskommune (jf. stadnamnlova § 6 første ledd) dersom kommunen/fylket ikkje sjølv er vedtaksorgan, til statlege organ som skal bruke namnet i tenesta, til namnekonsulenttenesta og til Sentralt stadnamnregister (sjå § 15).
Vedkommande kommune skal syte for å gjere vedtaket kjent for dei i kommunen som har klagerett etter stadnamnlova § 10 første ledd men som ikkje er part i saka.
[Til toppen]
§ 10. Klage
Klage skal grunngivast, og grunngivinga må behandle alle namn eller namneledd klaga gjeld.
Klage skal sendast til det organet som har fastsett skrivemåten, med kopi til vedkommande kommune der kommunen ikkje er vedtaksorgan. Med dei unntaka som går fram av § 6 og § 10 i stadnamnlova, gjeld kapittel VI i forvaltningslova.
[Til toppen]
§ 11. Klagenemnda
Klagenemnda skal oppnemnast av departementet. Medlemmene blir oppnemnde for fire år om gongen.
Nemnda skal ha ein fast leiar som er jurist og to andre faste medlemmer oppnemnd på fritt grunnlag etter forslag frå KS (kommunenes arbeidsgiver-, interesse- og medlemsorganisasjon). I tillegg skal det oppnemnast ein språkkunnig representant for kvar av dei to offisielle målformene, ein kunnig i samiske språk og ein som er kunnig i kvensk. Medlemmene skal ha personlege varamedlemmer. Nestleiar er vara for leiar.
Klagenemnda vil etter dette ha fem medlemmer ved behandling av norske stadnamn, elles minst fire medlemmer. Dersom stemmetalet står likt, avgjer leiaren saka.
Når det gjeld norske stadnamn, er klagenemnda vedtaksfør når minst fire medlemmer er til stades, av desse leiar eller nestleiar. I saker som gjeld samiske eller kvenske stadnamn, må nemnda vere fulltalig, det vil seie leiar eller nestleiar, to medlemmer oppnemnd på fritt grunnlag og den sakkunnige i samisk eller kvensk.
[Til toppen]
§ 12. Verknad av klage
Underinstansen, klageinstansen eller eit anna overordna organ kan fastsetje at eit vedtak ikkje skal setjast i verk før klagefristen er ute eller klaga er avgjord. Avslag på søknad om utsetjing skal vere grunngitt.
[Til toppen]
§ 13. Gjenopptaking
Vedtaksorganet avgjer om ei sak skal takast opp att. Det gjeld òg saker som har vore behandla i klagenemnda. Avslag på gjenopptaking kan påklagast til klagenemnda. Vedtaksorganet avgjer om saka skal ut på høyring.
[Til toppen]
§ 14. Stadnamnkonsulenttenesta
Det skal oppnemnast to namnekonsulentar for norskspråklege stadnamn for kvart av dei geografiske områda Austlandet med Agderfylka, Vestlandet, Midt-Noreg og Nord-Noreg. Det skal også oppnemnast namnekonsulentar for nord-, sør- og lulesamisk og for kvensk. Konsulentane blir oppnemnde på åremål for seks år om gongen.
Konsulentane skal gi råd og rettleiing til offentlege organ og andre som skal fastsetje skrivemåtar. Dei kan også gi råd i spørsmål om namnsetjing og elles svare på spørsmål om stadnamn og stadnamnbruk generelt.
[Til toppen]
§ 15. Sentralt stadnamnregister
Registeret skal innehalde opplysningar om alle stadnamn som har fått skrivemåten vedteken etter lova. I tillegg skal registeret innehalde flest mogleg av andre stadnamn som er godkjende og brukte i offentleg samanheng etter gammalt regelverk.
For alle namna skal registeret ha opplysningar om:
a) skrivemåte av namnet
b) status for skrivemåten (vedteken, godkjend, avslått m.m.)
c) språk eller språkform (norsk, kvensk, nord-, lule- eller sørsamisk)
d) objekttype (grend, gard, bruk, veg, vatn, elv, nes osv.)
e) om det finst fleire namn i same språkform for same namneobjekt, kva for namn som er mest vanleg brukt der ein har kunnskap om det
f) koordinat med referanse til eit nasjonalt brukt koordinatsystem
g) administrativ tilhøyrsel (kommunenummer).
For vedtekne namn skal registeret i tillegg ha følgjande opplysningar:
h) kven som har gjort vedtaket, og vedtaksdato
i) identitetsnummer i det sentrale eigedomsregisteret (tidligare GAB (grunneigedoms-, adresse- og bygningsregisteret)/matrikkelen) for namn som også skal brukast i dette registeret.
For namn med status godkjend skal i tillegg registrerast:
j) kva for offentleg bruk (t.d. kart, skilt) namnet er henta frå og publiseringsår eller tilsvarande.
Statens kartverk er registerstyresmakt og skal syte for at opplysningane er allment tilgjengelege. Statens kartverk er ansvarleg for å utarbeide dei standardane og rutinane som skal nyttast ved rapportering til registeret. For vedtak som også skal brukast i GAB/matrikkelen, skal Statens kartverk syte for oppdatering mellom dei to registera.
Når eit namn ikkje er behandla etter reglane i lov om stadnamn, og to eller fleire skrivemåtar av namnet på same språk er i offentleg bruk og er registrerte i Sentralt stadnamregister (SSR) som godkjende skrivemåtar, bør ein i offentleg bruk velje den skrivemåten som er brukt på namneeiningsplassen i SSR.
[Til toppen]
§ 16. Iverksetjing
Desse forskriftene tek til å gjelde straks. Frå same tid blir forskrift 5. juli 1991 nr. 456 om skrivemåten m.v. av stadnamn oppheva.
[Til toppen]
Publisert på denne nettstaden: juli 2011