Vidare inneheld heftet referat frå landsmøtet i Norsk namnelag, som også vart halde 10.11.2006 på Blindern. Ein finn referat frå samrådingsmøtet for namnekonsulenttenestene og Kartverket 2006, og frå eit symposium om stadnamn og identitet i fleirkulturell kontekst som vart halden i Karasjok i august 2006. Den årvisse namnebibliografien er med, og dessutan småartiklar om namn og namnespørsmål, bokomtalar og opplysningar om ulike faglege arrangement i innland og utland.
Nytt om namn er medlemsbladet til Norsk namnelag. Som medlem i laget får du bladet tilsendt to gonger i året, pluss tidsskriftet Namn og Nemne ein gong i året. Prisen for dette er for tida 150 kroner året. Er du interessert i å få desse skriftene tilsende, kan du melda i frå til Jarle.Halveg@nor.uib.no.