Gå direkte til innhold [access key = i] Gå direkte hovedmeny [access key = h] Gå direkte til kontaktinformasjon [access key = k]

Offisielt samisk namn for Troms

(08.09.06) Troms fylke har frå 1. juli 2006 fått eit offisielt samisk namn i tillegg til det norske namnet. Det samiske namnet er Romsa, og dei to namneformene Troms og Romsa er likestilte.

I offisiell skriftleg og munnleg kommunikasjon skal den norske forma veljast når ein nyttar norsk språk, mens den samiske forma skal veljast når ein nyttar samisk språk. Ved offentleg skilting, i logoar og på brevpapir til offentlege organ osv., skal begge namneformene nyttast. Rekkjefølgja her skal vere norsk og samisk.

Det samiske fylkesnamnet er fastsett i kasusforma nominativ (Romsa), og omgrep som fylke, fylkeskommune og liknande inngår ikkje i sjølve namnet. Når desse er etterstilt namnet, endrar namnet kasus. Riktige skrivemåtar av namnet vil vere:

Troms
Romsa

Troms fylke
Romssa fylka

Troms fylkeskommune
Romssa fylkkasuohkan

Fylkesmannen i Troms
Romssa fylkkamánni

Sjå òg nettsida til Statens kartver

 

Utviklet av Gazette