Dei fleste orda i nynorsk har anten hankjønn, hokjønn eller inkjekjønn. Men der store dialektområde har skilt lag, finn vi ofte valfridom.
Orda nedanfor og nokre til er tvikjønna, men sjølv om ein kan velja kjønn ord for ord, kan ein ikkje la eit ord skifta kjønn midt i ein tekst:
art, bane, byste, bølle, drosje, farge, flamme, grad, hall, kantine, kasse, klage, last, lov, latrine, løn(n) (treet), maskin, maske, nytte, olje, pakke, plante, potet, pyse, rampe, salve, scene, sikt (god s., utsikt), svikt, takt, tale (avtale, samtale, osv.), sjuke (ei sykje), tekst, vene
Nokre fleire tilfelle nemnde under -ing/-ning.
Ikkje noko val!
Det er ikkje trygt å satsa på at lyd- eller tydingslike ord har same kjønn. Det heiter til dømes sanden om det aldri så mykje heiter stranda. Det er heller ikkje slik at ord for naturnære, ureine eller kroppslege fenomen automatisk skal få den særnorske a-endinga, slik det er ein tendens til i somme dia-/sosiolektar; det heiter til dømes armen, nasen, selen, spenen, oppvasken. Det heiter dessutan auken, farten, kjernen, strålen, vasen og vispen.
For somme er det nok freistande å setja a-ending på ein del lånord, men desse er altså hankjønnsord:
affæren, amøben, analysen, annonsen, epoken, brosjyren, dialekten, doktrinen, fasen, frasen, karrieren, kontakten, nerven, pausen, perioden, salmen, skaden, smitten.
På hi sida finst det sjølvsagt mange med obligatorisk hokjønn:
adressa, historia, novella, persienna, pleia, smerta, sona.
Her finst ingen greie reglar. Slå opp når du er i tvil.