Nokre verb har to former, ei svak som tek objekt, og ei sterk som ikkje tek objekt. Vi kallar slike verb for parverb.
Det svake verbet tek objekt:
| brenne |
brenner |
brende |
har brent |
Huseigaren brende avfall i hagen. Subjekt: huseigaren, direkte objekt: avfall
Det sterke verbet tek ikkje objekt:
| brenne |
brenn |
brann |
har brunne |
Avfallet ulma og brann i hagen. Subjekt: avfall
Andre parverb:
Tek objekt, svak bøying: søkkje, hengje, leggje, setje, strekkje, sleppe
Tek ikkje objekt, sterk bøying: søkke, henge, liggje, sitje, strekke, sleppe
Døme:
Dei søkkte båten.
Båten sokk på fem minutt.
Han hengde jakka på ein knagg.
Jakka hang på ein knagg.
Ane la "Sofies verden" på bordet i går.
Boka låg der framleis i dag.
Sette du sykkelen i garasjen?
Nei, for Morten sat på han.
Ho strekte evnene langt.
Men dei strakk ikkje til.
Øving: