Gå direkte til innhold [access key = i] Gå direkte hovedmeny [access key = h] Gå direkte til kontaktinformasjon [access key = k]

Verb – j-verb, nå-verb, uregelrette

j-verb (telje-klassa)

Verb i denne gruppa har -je i infinitiv, og inga ending i presens slik som dei sterke verba:

å telje tel talde har talt
å selje sel selde har selt
å spørje spør spurde har spurt

Døme, presens: Eg sel berre kvalitetsvarer.

 

nå-verb (kortverb)

Desse verba følgjer dette mønsteret:

å nå når nådde har nådd/nått
å bu bur budde har budd/butt
å tru trur trudde har trudd/trutt

 

Døme: Bur du i USA? Ja, der har eg budd lenge.

 

Uregelrette svake verb

å gjere gjer gjorde har gjort
å eige eig

åtte,
el. [eigde]

har ått,
el. har [eigd/eigt]

å pla plar pla  
å vite veit visste har visst
å seie seier sa har sagt

Døme: Eg plar ikkje seie alt eg veit. Men det var eg som åtte [eigde] sykkelen, og eg har ikkje gjort noko.

 

Øvingar:

 

Utviklet av Gazette