Dobbel bestemming er vanleg i norsk talemål og noko vanlegare på nynorsk enn på bokmål.
Vi kallar det dobbel bestemming når ein artikkel står føre adjektiv + substantiv i bunden form:
den uheldige turisten, det opplagde poenget
Dersom ein skulle omsette uttrykka under frå bokmål til nynorsk ville det bli slik:
nynorsk: Den norske regjeringa
bokmål: Den norske regjering
nynorsk: dei største vanskane
bokmål: de største vanskeligheter
På nynorsk set ein som regel eigedomspronomenet etter substantivet:
Heller den gamle faren min enn min gamle far.
Heller venninna mi enn mi venninne.
Når pronomenet blir uttalt med trykk, kan det stå føre substantivet:
Det var min bil som stod utanfor butikken er ikkje heilt det same som bilen min stod utanfor butikken
Ved namn på familiemedlemmer er det tradisjon for enkel bestemming:
Eg møtte far min utanfor butikken. Syster mi var ikkje med.
(Men:) Syster mi var heime hos venninna si.
Øving: