Adjektiva blir bøygde i kjønn og tal.
| hankjønn/hokjønn |
inkjekjønn |
fleirtal |
| fin |
fint |
fine |
| open |
ope/opi |
opne |
Som open går adjektiv på -en, t.d. galen, naken, vaken.
Adjektiv som endar på diftong, t.d. grei, brei, flau, lei, får -tt i inkjekjønn:
To vanlege adjektiv har ei eiga form i hokjønn:
| eigen |
eiga |
eige |
eigne |
| liten |
lita |
lite |
små(e) |
Dei fleste adjektiva blir gradbøygde med endingane
-are og -ast:
| fin |
finare |
finast |
| farleg |
farlegare |
farlegast |
Merk at nynorsk har full form i superlativ (farlegast) og ikkje samandraging som bokmål ("farligst").
Formene som er utheva nedanfor, kan det vere nyttig å lære seg:
| få |
færre |
færrast |
| vond |
verre |
verst |
| mykje/mye |
meir |
mest |
| mange |
fleire |
flest |
| |
fremre |
fremst |
| god |
betre |
best |
Øvingar: