Tommy og Annika gjekk naturlegvis på skolen. Kvar morgon klokka åtte traska dei i veg hand i hand med skolebøkene under armen.
På den tida var Pippi for det meste oppteken med å strigle hesten sin eller kle på Nilsen. Eller så tok ho morgongymnastikk, og da stilte ho seg rett opp og ned på golvet og slo 43 saltomortalar. Deretter brukte ho å setje seg på kjøkkenbenken og drikke ein stor kopp kaffi med ostesmørbrød til.
Tommy og Annika kikka alltid lengselsfullt på villa «Utsikta» når dei traska forbi på veg til skolen. Dei ville mykje heller ha gått inn og leikt med Pippi. Hadde i det minste ho òg gått på skolen, så ville det ikkje ha vore så verst.
– Tenk så moro vi kunne hatt det saman når vi gjekk heim frå skolen, sa Tommy.
– Ja, når vi gjekk til skolen òg, meinte Annika.
Dess meir dei tenkte på det, dess dummare syntest dei det var at ikkje Pippi gjekk på skolen, og til slutt bestemte dei seg for å overtale ho til å begynne.
– Du aner ikkje så snill frøken er, sa Tommy lurt ein ettermiddag da han og Annika var på besøk hos Pippi etter at dei hadde gjort leksene sine.
– Og du aner ikkje kor morosamt det er på skolen, sa Annika. – Eg ville bli heilt fortvila, altså, dersom eg ikkje fekk lov til å gå der.
Pippi sat på ein krakk og heldt på å vaske beina i eit fat. Ho sa ikkje eit ord, vifta berre med tærne av og til, slik at vatnet skvatt til alle kantar.
– Ein treng ikkje vere der fælt lenge, akkurat, heldt Tommy fram. – Berre til klokka to.
– Og så er det jo juleferie og påskeferie og sommarferie, sa Annika.
Pippi beit seg i stortåa, men ho sa ingenting. Plutseleg helte ho alt vatnet ut over
kjøkkengolvet, så Nilsen, som sat eit stykke borte og leikte med ein spegel, vart klissblaut i buksebaken.
– Det er urettferdig, sa Pippi. – Det er frykteleg urettferdig! Og eg vil ikkje finne meg i det!
– Kva da? spurde Tommy.
– Om fire månader er det jul, og da får de juleferie. Men eg, kva får eg? Pippi var heilt trist i røysta. – Ikkje nokon juleferie. Nei, dette må vi gjere noko med. I morgon begynner eg på skolen.
Tommy og Annika klappa i hendene, så glade vart dei.
– Hurra! Da ventar vi utanfor porten hos oss klokka åtte.
– Nehei, sa Pippi. – Så tidleg kan eg ikkje begynne. Og forresten så kjem eg nok til å ri til skolen.
Og det gjorde ho. Presis klokka ti dagen etter lyfta ho hesten ned frå verandaen, og ei stund seinare for alle menneske i den vesle byen til vindauget for å sjå kva det var for ein hest som hadde sprunge ut, for dei trudde jo at han hadde gjort det. Men det hadde han slett ikkje. Det var berre Pippi som hadde litt hastverk.
I vill galopp kom ho farande inn på skoleplassen, jumpa av hesten, batt han til eit tre og reiv opp døra til klasserommet med eit brak som fekk Tommy og Annika og dei snille skolekameratane deira til å hoppe på pultane.
– Hei! ropte Pippi. – Kjem eg tidsnok til pluttifikasjonen?
Tommy og Annika hadde fortalt frøken at det skulle kome ei ny jente, som heitte Pippi Langstrømpe. Og frøken hadde jo høyrt om ho elles òg. Ho var jo ei snill frøken, så ho bestemte at ho ville gjere alt for at Pippi skulle like seg.
Pippi slengde seg ned ved ein ledig pult utan at nokon bad ho om å gjere det. Men frøken sa ingenting til det.
– Velkomen på skolen, vesle Pippi, sa ho. – Eg håpar du kjem til å trivast her og lære riktig mykje.
– Ja, og eg håpar eg får juleferie, sa Pippi. – Det er derfor eg er komen hit. Rettferd framfor alt!
– No må du fortelje kva du heiter, sa frøken, – så skal eg skrive deg inn ved skolen.
– Eg heiter Pippilotta Viktualia Rullegardina Krusemynte Efraimsdotter Langstrømpe, dotter til Efraim Langstrømpe, før ein skrekk på havet, no negerkonge. Pippi er berre eit slikt klengjenamn, for pappa syntest Pippilotta var så mykje å seie på ein gong.
– Ja ja, sa frøken, – da får vi vel kalle deg Pippi vi òg, da. No får vi høyre kva du kan for noko. Du er jo stor jente, så du kan vel ein heil del alt. Vi kan kanskje begynne med rekning. No, Pippi, kan du seie meg kor mykje 7 og 5 er?
Pippi såg på ho, forbausa og fornærma. Så sa ho:
– Ja, veit du ikkje det sjølv, så må du ikkje innbille deg at eg vil fortelje det!
Alle barna stira aldeles forskrekka på Pippi, og frøken forklarte ho at slik måtte ein ikkje svare når ein gjekk på skolen. Ein måtte ikkje seie «du», men «frøken» til frøken.
– Å, unnskyld, sa Pippi full av anger. – Eg visste ikkje det, eg. Eg skal aldri gjere det meir.
– Nei, det håpar eg, sa frøken.
– Og så skal eg fortelje deg at 7 og 5 er 12.
– Sjå der! ropte Pippi. – Du visste det jo sjølv, jo! Å, mitt fjols, no sa eg «du» att! Unnskyld, sa ho og gav seg sjølv ein skikkeleg øyrefik.
Frøken gjorde som ingenting og spurde vidare.
– No, Pippi, kor mykje trur du 8 og 4 er?
– Å, sånn omtrent 67, meinte Pippi.
– Nei, 8 og 4 er 12.
– Å nei, vesle venen min, no driv du det for vidt! Du sa jo nettopp sjølv at 7 og 5 er 12. Litt orden på sakene må det da vere her på skolen òg. Forresten, dersom du synest det er så moro å snakke om alt det tøvet der, kvifor kan du ikkje da setje deg i ein krok og rekne og la oss vere i fred? Så kan vi leike «sisten». Nei, no sa eg jo «du» att! Kan du tilgi meg berre denne eine gongen, så skal eg prøve å hugse på det.
Jo, frøken skulle da det. Men ho syntest ikkje ho kunne høyre Pippi meir no, og så gjekk ho vidare med dei andre barna.
– Kan du, Tommy, svare meg på dette, sa ho. – Dersom Lisa har 7 eple og Aksel har 9, kor mange eple har dei da til saman?
– Ja, berre sei det, du, Tommy, ropte Pippi, – og så kan du svare meg på dette her: Dersom Lisa får vondt i magen, kven er det som har skulda da, og kvar har dei knabba epla?
Frøken gjorde som ingenting og vende seg til Annika.
– No, Annika, skal du få eit spørsmål. Gustav var på skoletur saman med kameratane. Han hadde 1 krone da han reiste, og 7 øre da han kom heim. Kor mykje hadde han brukt?
– Ja, det var det, sa Pippi. – Og så vil eg vite kvifor han sløste bort pengane sine, og om det var brus han drakk, og om han hadde vaska øyra skikkeleg før han reiste heimanfrå.
Frøken bestemte seg for å gi opp rekninga. Ho tenkte at Pippi kanskje heller ville lære å lese. Derfor tok ho fram ei fin teikning av ein isbjørn. Framfor nasen på isbjørnen var det skrive ein i.
– No, Pippi, skal du sjå noko morosamt. Der har du ein isbjørn, og bokstaven framfor isbjørnen er ein i.
– Det kan eg aldri tru, sa Pippi. – Eg synest det ser ut som ein strek med ein flugelort over. Men eg skulle gjerne vite kva isbjørnen har med flugelorten å gjere.
Frøken tok fram ei anna teikning, som førestelte ein orm, og sa at bokstaven framfor ormen var ein o.
– Når vi først snakkar om ormar, sa Pippi, – så kan de tru eg såg ein kjempeorm i India ein gong. Det var vel noko til orm, det! 14 meter lang og sint som eit lemen. Og kvar dag åt han først fem vaksne indarar og etterpå to barn til dessert. Og han slyngde seg rundt meg – kratsj – men ta den, du, sa eg og slo han i hovudet – og da kveste han uiuiuiuitsj – og så slo eg til han ein gong til – bom, og ææææ – så døydde han. Jaså, så det er ein o? Så rart, da.
Pippi måtte snappe etter veret. Frøken syntest nok at ho var eit vanskeleg barn, og så sette ho alle saman til å teikne. Pippi kom nok til å sitje roleg da, tenkte frøken. Ho fann fram papir og blyantar, som ho delte ut til barna.
– De kan få lov til å teikne kva de vil, sa ho, og så sette ho seg ved kateteret og begynte å rette skrivebøker. Da det var gått ei stund, lyfta ho hovudet for å sjå korleis det gjekk. Da sat alle barna og såg på Pippi, som låg på golvet og teikna av hjartans lyst.
– Men Pippi, sa frøken, – kvifor teiknar du ikkje på papiret?
– Å, det har eg da teikna fullt for lenge sidan, og heile hesten min får da ikkje plass på den papirlappen, sa Pippi. – Nett no held eg på med frambeina, men når eg kjem til halen, får eg nok ut på gangen.
Frøken sat og funderte ei stund.
– Kanskje vi skulle syngje litt, foreslo ho.
Alle barna stilte seg ved sida av pultane – alle bortsett frå Pippi, som vart liggjande på golvet.
– Berre syng, de, så kviler eg meg litt, sa ho. – For mykje lærdom tek knekken på den kraftigaste.
Men no var det slutt på tolmodet til frøken. Ho sa at alle barna skulle gå ut på skoleplassen, for ho ville snakke litt med Pippi.
Da frøken og Pippi hadde vorte åleine, reiste Pippi seg og gjekk fram til kateteret.
– Veit du kva, sa ho, – eg meiner veit du kva, frøken, det var skikkeleg morosamt å kome hit og sjå korleis de har det. Men eg trur ikkje eg synest det er så moro å gå på skolen meir. Det får gå som det kan med juleferien. Det er så reint for mykje eple og isbjørnar og ormar og slikt her. Eg blir heilt svimmel av det. Eg håpar du ikkje blir lei for det, frøken.
Men da sa frøken at ho var lei, og aller mest lei var ho fordi Pippi ikkje ville prøve å oppføre seg pent. Inga jente som bar seg åt slik som Pippi, kunne gå på skolen, sjølv om ho ville aldri så gjerne.
– Har eg oppført meg stygt? spurde Pippi overraska. – Ja, men det visste jo ikkje eg, sa ho og såg veldig trist ut. Ingen kunne sjå så trist ut som Pippi når ho var lei for noko. Ei stund stod ho taus, og så sa ho med ei røyst som skalv litt:
– Du skjønar det, frøken, at når ein har ei mamma som er engel, og ein pappa som er negerkonge, og når ein sjølv har segla rundt på havet heile livet, så veit ein ikkje riktig korleis ein skal oppføre seg på skolen mellom alle epla og isbjørnane.
Da sa frøken at ho skjøna det, og at ho ikkje var sint på Pippi lenger, og at Pippi kanskje kunne kome på skolen att når ho vart litt eldre. Og da sa Pippi, strålande glad:
– Eg synest du er veldig snill, frøken. – Og denne her skal du få av meg.
Opp frå lomma drog Pippi ei fin gullklokke, som ho la på kateteret. Frøken meinte at ho ikkje kunne ta imot noko så fint, men da sa Pippi:
– Du er nøydd! Elles kjem eg hit i morgon att, og det ville det berre bli bråk og ugreie av.
Etterpå styrta Pippi ut på skoleplassen og hoppa opp på hesten. Alle barna stimla saman rundt ho for å klappe hesten og sjå ho ri av garde.
– Takke meg til skolane i Argentina, sa Pippi. – Der skulle de gå, der! Der begynner påskeferien tre dagar etter at juleferien er slutt, og når påskeferien er slutt, er det berre tre dagar att til sommarferien tek til. Sommarferien er slutt den første november, og så må ein stå hardt i til juleferien tek til den ellevte november. Men ein greier det jo, for ein slepp å lese lekser. Det er strengt forbode å lese lekser i Argentina. Det hender iblant at ein eller annan argentinarunge lurer seg ut på gangen og sit og les lekser i løynd, men trøyste og hjelpe han dersom mor hans skulle få sjå han! Rekning finst ikkje, og er det nokon som veit kor mykje 7 og 5 er, så må han stå i skammekroken heile dagen. Lesing er det berre om fredagen, og berre dersom dei har nokon bøker å lese i, men det har dei aldri.
– Ja, men kva gjer dei på skolen, da? spurde ein liten pjokk.
– Et karamellar, sa Pippi skråsikkert. – Det går eit langt røyr frå ein karamellfabrikk og rett inn i skolestua, og der sprutar det ut karamellar heile dagen, så barna har fullt opp å gjere med å ete.
– Ja, men kva gjer lærarinna, da? spurde ei jente.
– Plukkar papiret av karamellane for barna, vel, sa Pippi. – Du trudde vel ikkje at dei gjorde det sjølve? Dei går ikkje på skolen sjølve, eingong. Dei sender bror sin.
Pippi svinga den store hatten sin over hovudet.
– Ha det, da! ropte ho. – No ser de meg ikkje på ei stund. Men ikkje gløym kor mange eple det var Aksel hadde, elles får de ikkje ein lykkeleg dag meir her i livet.
Med ein klingande latter reid Pippi ut gjennom porten, så småsteinane fauk om hestehovane og vindauga i skolebygningen dirra.