Gå direkte til innhold [access key = i] Gå direkte hovedmeny [access key = h] Gå direkte til kontaktinformasjon [access key = k]

Guten som gjekk til nordavinden og kravde att mjølet

Frå Asbjørnsen og Moe: Pannekaka og andre eventyr, Gyldendal 1989

Det var ein gong ei gammal kone som hadde ein son. Ho var ussel og skrøpeleg, og så skulle sonen gå på stabburet for henne og hente grautmjøl til middags. Men då han kom ut att på stabburstrappa, så kom nordavinden fykande og tok mjølet frå han og fór ende av garde med det. Guten gjekk inn på stabburet etter meir, men då han kom ut att på trappa, kom nordavinden fykande att og tok mjølet frå han. Og slik gjekk det tredje gongen òg. Då vart guten harm, for han tykte det var dårleg gjort av nordavinden å fare fram på den måten. Og så tenkte han at han ville leite opp vinden og krevje mjølet attende.

Ja, han drog av garde, men vegen var lang, og han gjekk og gjekk. Endeleg så kom han då til nordavinden.

«God dag,» sa guten, «og takk for sist.»

«God dag,» svara nordavinden – han var grov i målet - «og sjølv takk for sist. Kva vil du?» sa han.

«Å,» sa guten, «eg vil nok be deg vere så snill å la meg få att det mjølet du tok frå meg på stabburstrappa. Lite har vi frå før, og skal du fare slik og ta frå oss det vesle grannet vi har, blir det ikkje anna enn sveltihel for oss.»

«Noko mjøl har eg ikkje,» sa nordavinden. «Men sidan det er så smått med deg, skal du få ein duk som skaffar deg alt du kan ønskje, når du berre seier: ’Duk, dekk opp med alle slags kostelege retter!»

Det var guten vel nøgd med. Men heim var det så langt at han ikkje rakk fram på dagen, men måtte ta inn hos ein gjestgivar. Då dei som var der, skulle til å ete til kvelds, la guten duken på bordet og sa: «Duk, dekk opp med alle slags kostelege retter!» Ikkje før hadde han sagt det, så gjorde duken det. Alle tykte den duken var ein herleg ting; men ingen likte han betre enn gjestgivarkona. Hadde ho den, ville ho ikkje få stort bry med steiking og koking, med duking og dekking av bordet, tenkte ho. Og då det leid ut på natta då alle sov, tok ho duken. I staden la ho ein annan duk, som var heilt lik den guten hadde fått av nordavinden, men som ikkje kunne dekkje opp med ei havrelefse eingong.

Då guten vakna, tok han duken og drog vidare, og om kvelden kom han heim til mor si.

«No har eg vore hos nordavinden, og det var ein rimeleg mann,» sa han. «For han gav meg denne duken, og når eg berre seier til han: ’Duk, dekk opp med alle slags kostelege retter!’ så får eg alt eg berre ønskjer meg.»

«Å, det trur eg ikkje noko på før eg ser det,» sa mora.

Guten skunda seg og sette fram eit bord, la duken på det og sa: «Duk, dekk opp med alle slags kostelege retter!» Men duken dekte ikkje opp med ein bete flatbrød eingong.

«Det er inga anna råd enn at eg får gå til nordavinden att, då,» sa guten. Ja, han la av garde, og langt om lenge kom han dit nordavinden budde.

«God kveld,» sa guten.

«God kveld,» sa nordavinden.

«Eg vil nok ha rett for mjølet du tok frå meg,» sa guten. «For den duken eg fekk, dugde ikkje stort.»

«Noko mjøl har eg ikkje,» sa nordavinden. «Men her har du ein bukk som gjer pengar, berre du seier: ’Bukk, gjer pengar!’»

Det hadde guten ikkje noko imot. Men vegen heim var så lang at han måtte overnatte hos gjestgivaren att. Før han forlangte noko, prøvde han bukken, for han ville sjå om det var sant det nordavinden hadde sagt. Og det var riktig nok. Men dette hadde gjestgivaren sett, og den bukken ville han gjerne ha. Straks guten hadde sovna, tok gjestgivaren ein annan bukk og sette i staden. Og det den bukken gjorde, var nok ikkje gullpengar.

Morgonen etter drog guten av garde, og då han kom heim til mor si, sa han: «Nordavinden er ein snill mann likevel. No gav han meg ein bukk som kan gjere gullpengar, berre eg seier: ’Bukk, gjer pengar!’»

«Å, det er nok berre snakk,» sa mora. «Eg trur det ikkje før eg ser det.»

«Bukk, gjer pengar!» sa guten. Men det vart nok ikkje pengar det bukken gjorde.

Så la han i veg til nordavinden att, og då han kom fram, sa han at bukken heller ikkje dugde til noko.

«Ja, no har eg ikkje anna å gi deg enn den gamle kjeppen som står borte i kroken,» sa nordavinden. «Men den er slik at når du seier: ’Kjepp, slå til!’ så slår han heilt til du seier: ’Kjepp, stå still!’»

Sidan vegen var lang, tok guten inn hos gjestgivaren denne gongen òg. Men han kunne skjøne korleis det hadde gått med duken og bukken, så han la seg med ein gong på benken og læst som han sov. Gjestgivaren tenkte seg nok at kjeppen og dugde til noko, så han fann fram ein som likna, og ville setje den i staden medan han trudde guten sov. Men i det same gjestgivaren skulle ta stokken, ropte guten: «Kjepp, slå til!» Og kjeppen tok til å slå og dengje gjestgivaren, til han til slutt ropte og skreik: «Å, herregud! Å, herregud! Få kjeppen til å halde opp, elles slår han meg i hel. Du skal få att både duken og bukken!»

Då guten tykte at gjestgivaren hadde fått nok, så sa han: «Kjepp, stå still!» Og så tok han duken og stakk i lomma og kjeppen i handa, batt ei snor om horna på bukken og gjekk heim med det alt saman. Det var god rett for mjølet!

 

Utviklet av Gazette