Gå direkte til innhold [access key = i] Gå direkte hovedmeny [access key = h] Gå direkte til kontaktinformasjon [access key = k]

Arne Garborg: Utanfor, i vest ...

Hav bryt mot strand, OgnaFoto © Jon Arne Sæter / NN / Samfoto

 

Utanfor, i vest, bryt havet på mot ei sju mil lang, låg sandstrand.

Det er sjølve havet. Nordhavet breitt og fritt, ukløyvt og utøymt, endelaust. Svartgrønt og salt kjem det i veldig rulling veltande inn or dei vestlege himlar, drivi av storstormane frå Nordisen og Kanalen, køyrande sine fakskvite brimhestar fram or havskodda, så skumskavlen står, durande sin djupe æveheims orgeltone frå dei ytste avgrunnar. Så støyper det seg mot stranda og krasar seg sund i kvit foss, med dunk og døn og lange brak, døyande bort i døyvt dunder.

Opp frå den låge sandstranda tøyer seg eit armt, grått land med lyngbrune bakkar og bleike myrar, oversått med kampestein, trelaust og bert; avstengt mot aust med ein lang, låg fjellgard. Endelaus synest den nakne hei. Men her og der blånar ei einsleg tjørn, som ligg og gror att, eller eit stort, stilt vatn. Her susar vinden dag og natt. Og gråvêret ligg lågt over vidda, der haren rømer frå stein til stein og allslags brun og spettut og vill fugl ligg i løynde reir og blinkar og blundar.

Over det heile spenner himmelen seg vid og grå, frå fjellgarden til havs og så vidt ein ser ­– det einaste lyse over tilværet. Den har ein for augo kvar ein går. Full av skyer og storm heng han mest alltid. Stundom sig han åt jorda og sveiper landet i regn og skodde som i ein duk. Og det regner og regner til landet fløymer.

Her og der oppetter bakkar og res kryp låge hus ihop i småkrullar som søkjande livd. I den tette lufta hildrar dei seg halvt bort, sveiper seg i torvrøyk og havdis som i ein draum; stengde og stille ligg dei bortetter viddene som tusseheimar. Rundt husa skimtar det fram bleike grøne flekker av åker og eng som øyar i lyngvidda; kvar bete og kvar lapp er avstengd og innlødd med steingjerde som lange røyser.

I desse heimane bur folket. [...]


(Frå Arne Garborg: Skriftir i samling. Kristiania:  Aschehoug, 1921–1922. Moderne rettskriving ved Jon Grepstad.
)

 

Utviklet av Gazette