Gå direkte til innhold [access key = i] Gå direkte hovedmeny [access key = h] Gå direkte til kontaktinformasjon [access key = k]

Jon Grepstad: Fotografering utan objektiv

FotoFoto © Jon Grepstad 1996

På engelsk heiter det «pinhole photography», på spansk «fotografía estenopeica», på tysk «Lochkamerafotografie». På norsk kan vi kalle det «fotografering med holkamera» eller «camera obscura-fotografering». Det gjeld linselaus fotografering – fotografering utan objektiv.

Eit holkamera er ein lystett behaldar med eit ørlite hol i eine enden og film eller fotopapir i den andre. Lys reflektert frå ting utanfor kamera passerer i rette linjer gjennom holet, og det blir laga eit opp-ned-bilete på den bakre veggen i kameraet. Fordi holet er lite, blir eksponeringstida lang, t.d. frå eit halvt sekund til fleire minutt, stundom timar. Holkamera blir brukte for moro, for fotokunst og i vitskap.

Holkamera kan vere små eller store, improviserte eller konstruerte med stor omhug. Folk har laga kamera av skjel frå sjøen, saltbøsser og vassmelonar. Mange er blitt laga av små pappøskjer, av runde behaldarar, brusboksar eller kakeboksar. Minst eitt kamera er laga av eit kassert kjøleskap. Somme har støypt kamera i gips som ei andletsmaske med to auge, andre har bygd dei av vakker hardved eller av metall og har utstyrt dei med belg. Stasjonsvogner har vore nytta som holkamera, og rom i store bygningar. Men dei aller fleste camera obscura-fotografar startar med ein enkel boks eller ei øskje laga av papp eller ein rund behaldar, kanskje ein brusboks eller ein urteteboks. Uvanlege bilete kan lagast med svært enkle middel. Somme av bileta kunne ikkje ha vore laga med eit kamera med objektiv.

Den viktigaste delen av kameraet er sjølve holet som lyset passerer gjennom. Som regel lagar ein holet ved å presse spissen av ei tynn synål gjennom ei tynn metallplate av aluminium eller massing. Metallokk frå syltetøyglas o.l. høver ofte godt som holplate. Holet bør vere rundt og kantane tynne og skarpe. Legg metallet på eit stykke papp eller ei fjøl, press spissen på nåla varsamt gjennom metallet og puss metallstykket med svært fint sandpapir. Brukar ein metall frå lokket på eit syltetøyglas, bør ein pusse metallet på begge sider før ein lagar holet for slik å gjere metallet tynnare. Det finst fleire formlar for den optimale holdiameteren, den diameteren som gjev dei skarpaste fotografia. Ein formel er denne: holdiameteren = 0,03679 multiplisert med kvadratrota av brennvidda målt i mm. «Brennvidda» er avstanden mellom holet og filmplanet (filmen eller fotopapiret). Men diameteren er eigentleg ikkje kritisk. Enkelt sagt: di mindre hol, di skarpare foto. Men blir holet for lite, blir biletet meir uskarpt pga. lysbøying («diffraksjon»). Dersom kameraet ikkje er svært stort, vil diameteren vere 0,3–0,6 mm, avhengig av brennvidda. Men stundom er det ikkje eit mål å få så skarpe bilete som mogleg. Som lukkar kan ein bruke eit stykke svart, ugjennomskinleg plast festa med tape, eller ei papp-plate som ein løftar opp under eksponeringa. Det er viktig at ein vel ei lukkarordning som ikkje får kameraet til å vibrere når ein opnar eller fjernar lukkaren.

Ein kan bruke film eller fotopapir i kameraet. Holfoto toler ikkje mykje forstørring. Ein får difor dei beste resultata på mellomformatsfilm (120-formats rullfilm) eller storformatsfilm (4 x 5 toms bladfilm), som ein kan få i større fotoforretningar og forretningar som blir nytta av yrkesfotografar. Film gjev skarpare foto enn fotopapir, men fotopapir er også eit framifrå medium. Negativa må kontaktkopierast, fotopapiret må såleis ikkje ha tekst på baksida. Eit godt papir er Ilford multigrade RC. Ein god film, på grunn av det vide eksponeringsomfanget, er Ilford XP2. Filmen kan eksponerast som alt mellom ISO 50 og ISO 800.

Fordi holet i holplata er lite, blir eksponeringstida lang. Blendaropningen kan ein rekne ut ved å dividere avstanden mellom hol og film («brennvidde») med diameteren til holet. For eit lite holkamera med film vil eksponeringstida vere rundt 100–300 gonger så lang som for eit vanleg kamera under dei same tilhøva. Fotopapir er mindre lyskjensleg (kanskje ISO 6) enn film og krev lengre eksponeringstid.

Camera obscura-foto – holfoto – er mindre skarpe enn foto laga med eit vanleg kamera. Bileta har uendeleg djupneskarpleik – alt er « fokus». Ting 5 cm frå kameraet blir like skarpe som ting fleire meter borte. Dette kan ein ikkje oppnå med eit vanleg kamera med eit normalobjektiv. Holkamera for ekstreme vidvinkelfoto – kamera der avstanden mellom hol og film eller fotopapir er klart mindre enn diagonalen i biletet – gjev foto utan at rette linjer blir bøygde i utkanten av biletfeltet, noko ein ikkje kan oppnå med eit vanleg kamera med eit kraftig vidvinkelobjektiv. Med andre ord: somme bilete laga med holkamera kan ikkje lagast med eit vanleg kamera med eit objektiv.

Eit holkamera kan vere ein framifrå reiskap for «subjektiv foto» – ein god reiskap for å «frigjere tinga frå persepsjonens automatisme» og for å «gjere tinga underlege», slik at vi kan sjå, om eg kan låne nokre omgrep frå Viktor Sklovskij og dei russiske formalistane tidleg i det 20. hundreåret, omgrep som er like viktige i dag som dei var da.

Dei optiske prinsippa som ligg til grunn for camera obscura-foto eller holfoto, er kommenterte i kinesiske tekstar så tidleg som i det femte hundreåret f.Kr. Den greske filosofen Aristoteles, som levde i det fjerde hundreåret f.Kr., grunnar over prinsippa i nokre avsnitt i boka «Problemata». Den arabiske fysikaren og matematikaren Ibn al-Haitham, også kjend under namnet Alhazen, eksperimenterte med hol-optikk i det tiande hundreåret e.Kr. Avanserte holkamera blir i moderne vitskap nytta til studium av røntgen-stråling og i ymse eksperiment, og har vore utplasserte på romskip for å fotografere m.a. gamma-stråling frå sola. I naturen nyttar blautdyret Nautilus, som er like gammalt som dei utdøydde dinosaurane, linselaus hol-optikk for å sjå. Auget er ein liten opning som kan utvide seg eller trekkje seg saman.


Artiklar på norsk:

  • Holst, Trond Kjetil. «Hvem trenger elektronikken?» Fotografi, 5, 1990, s. 48–49. Oslo 1990.
  • Holter, Tore. «Bygg ditt eget kamera av en kakeboks.» Fotografi, 5, 1990, s. 44–47. Oslo 1990.
  • Løberg, Morten M. «Polart Pinhole.» Fotografi, 1, 2004, s. 58–63. Oslo 2004.

 

Utviklet av Gazette