MÅSKJE VET IKKE ALLE HVA MÅSKJE BETYR
Måskje står i en ordbok fra 1996. Det er litt rart, for det har neppe vært uttalt av noen nordmann etter krigen.
Men dansker bruker stadig måske, og det betyr 'kanskje', som danskene skriver kanske. Kanske er like sjeldent på dansk som måskje på norsk.
Kanskje og måskje er opprinnelig kan + skje og må + skje. Må i må skje har ikke den norske betydningen, men den danske, som her er 'kan'. Legg også merke til trykk på a i kanskje, som er ett ord, og på både a og e i kan skje.
LAND I MANGE TYDINGAR
At England og Tyskland er land, ser me av at landsnamna endar på -land.
Men Rogaland, Hordaland og Nordland, som òg endar på -land, er ikkje land i den vanlege tydinga; dei er fylke. Hadeland og Grenland er korkje land eller fylke; dei er område.
Jagland og Kleveland er korkje land, fylke eller område, men gardar. Beiteland, åkerland og potetland er jordstykke, og Brilleland, Byggeland og Teppeland er butikkar.
INDISK PARLØR
To unge menn som skulle reisa jorda rundt, bad i ein stor bokhandel om ein indisk parlør. Ekspeditøren leita, men fann ingen slik.
Grunnen er at det ikkje finst noko mål som heiter indisk. Men me kan godt tala om indiske mål og meiner da mål som dei talar i India. Av dei er det nær på 300.
Det er seksten offisielle mål i India, mellom dei gammalindisk (sanskrit) og kolonispråket engelsk. Hindi er det største språket (ca. 230 millionar).
RUNDT JORDA OG JORDA RUNDT
Ordboka seier at rundt er ein preposisjon. Ein preposisjon er eit 'ubøyeleg ord som står saman med eit substantiv og merkjer ut tilhøvet mellom dette ordet og andre ledd i setninga'.
Nemninga kjem av latin pre- 'framfor' og positio 'stilling'. Ho høver bra, for på norsk kan dei aller fleste preposisjonane berre stå framfor ordet dei styrer: rundt jorda.
Men i jorda rundt står preposisjonen etter det ordet han styrer. 'Etter' heiter post på latin, og i jorda rundt står rundt som ein postposisjon.