Gå direkte til innhold [access key = i] Gå direkte hovedmeny [access key = h] Gå direkte til kontaktinformasjon [access key = k]

Språkkrav til nettsider i staten

Nettsidene til statsorgan blir omfatta av reglane i lov om målbruk i offentleg teneste. Både statsorgana sjølve og firma som lagar eller gjev råd om nettsider, må vere klar over desse reglane.

Sentrale statsorgan

For sentrale statsorgan, dvs. statsorgan som har heile landet som tenestekrins, inneber det anten (1) at tekstar som statsorganet sjølv lagar, finst både i bokmåls- og nynorskversjon, slik at ein kan velje målform ved å klikke på bokmål eller nynorsk, eller (2) at minst fjerdeparten av tekstane er på nynorsk (eller på bokmål, dersom fleirtalet av tekstane er på nynorsk). Alternativ (2) er som regel mest praktisk. Begge målformene skal vere klart synlege på nettstadene.

Regionale og lokale statsorgan

Nettsidene til regionale og lokale statsorgan skal vere på tenestemålet til statsorganet.

Dersom det regionale eller lokale statsorganet ikkje har tenestemål (er språkleg nøytralt), skal ein ha noko stoff på nynorsk, noko på bokmål. Ved fordelinga skal ein ta omsyn til språkgrunnlaget i tenestekrinsen.

Utsegner frå Kultur- og kyrkjedepartementet

Kultur- og kyrkjedepartementet har omtalt desse spørsmåla i tre  stortingsmeldingar og eitt rundskriv:  

St.meld. nr. 9 (2001–2002) side 13:

«Fleire statsorgan har eigne sider på Internett, og det tilfanget som blir lagt ut der, blir også omfatta av reglane i mållova. Det er viktig at ikkje berre ein del av det vekslande tilfanget er på nynorsk, men at også ein del av dei faste tekstane og menyane blir laga på nynorsk, slik at begge dei offisielle målformene er klart synlege på nettsidene.»

St.meld. nr. 48 (2002–2003) side 192:

«Dersom eit statstilknytt organ korresponderer med einskildpersonar, andre private rettssubjekt eller med kommunar og fylkeskommunar på grunnlag av eit elektronisk system som produserer standardiserte meldingar eller svar, skal dei standardiserte tekstane finnast både i ein bokmåls- og ein nynorskversjon, og systemet skal kunna registrera kva målform den einskilde korrespondansepartnar brukar eller ynskjer, og vera innretta slik at dei automatisk får standardmeldingane i den målforma dei er registrerte med. Dette kan til dømes dreia seg om kunde- eller medlemsregister, men det kan vera kva som helst anna slags register eller system.

Dersom eit statstilknytt organ driv aktivitetane sine over heile landet eller i prinsippet vender seg til heile landet, skal allment informasjonstilfang som vert lagt ut på Internett, avspegla at landet har to offisielle målformer, anten ved at tekstane finst både i bokmåls- og nynorskversjon, slik at ein [kan] velja målform ved å klikka på bokmål eller nynorsk, eller ved at minst fjerdeparten av tekstane er på nynorsk, eventuelt på bokmål.»

St.meld. nr. 7 (2005–2006) side 11:

«I meldinga frå 2001 presiserte departementet at det her [i digital nettpublisering] er viktig at ein ikkje berre vekslar mellom målformene i det redaksjonelle stoffet på nettsidene, men at også ein del av dei faste tekstane og menyane blir laga på nynorsk. Det er viktig at begge målformene er klart synlege på nettsidene. Ei løysing er å gje brukaren høve til å velja mellom nynorsk og bokmål som skjermmiljø, eit anna alternativ å ha menyar der noko er på bokmål og noko på nynorsk.»

Rundskriv V-14N/2006

«[...] Vi ber alle [sentrale] statsorgan gå gjennom måljamstillingsarbeidet sitt. I første omgang må ein prioritera å koma opp i minst 25 pst. nynorsk i det informasjonstilfanget som blir lagt ut på Internett. Det er i stortingsmeldinga vist til at nettstaden eller heimesida på mange måtar er det andletet som institusjonen viser fram for omverda. Her er det derfor særleg viktig at den nynorske målforma er godt synleg. [...]»

Oppdatert 24. oktober 2008

 

Utviklet av Gazette