I mållova § 8 fjerde ledd er det fastsett: «Skjema skal liggje føre og vere tilgjengelege i begge målformer.»
Du har rett til å få skjema frå staten på di eiga målform.
At skjema skal vere like tilgjengeleg på begge målformer, vil seie at det skal vere like lett å få tak i nynorsk- og bokmålsskjema. Ligg eit skjema framme på bokmål, skal det også liggje framme på nynorsk.
Dersom eit statsorgan legg eit skjema ut på nettsidene, skal skjemaet leggjast ut både på nynorsk og på bokmål.
Dersom du ikkje får skjema på di eiga målform, kan du klage til det overordna organet. Kopi av klagen sender du til statsorganet sjølv og til Språkrådet.
Gjeld klagen eit departement, skal klagen sendast til Kultur- og kyrkjedepartementet.