Meir om emnet
«Så fort kom det likevel ikkje til å gå for denne reforma å trengje igjennom. Kyrkjedepartementet gav rett nok løyve for skolane til å bruke små bokstavar – utan å forby dei store –, og mest alle lærebøker kom visstnok etter denne tid med små bokstavar. Ved Aars og Voss' skole gikk dei over til små førebokstavar same året. Men elevar som hadde foreldre som ynskte det, skulle stendig ha høve til å bruke store. Av 511 elevar var det likevel bare 19 som ynskte å halde fast på den gamle skrivemåten.
Av dei "fire store" hadde som nemnt Ibsen og Bjørnson lenge skrivi små førebokstavar, medan Lie og Kielland heldt fast på dei store. Og åleine om det var dei ikkje. Kjende språkmenn som Hjalmar Falk, Alf Torp og Johan Storm og sjølve det historisk-filosofiske fakultetet hadde ennå omkring hundreårsskiftet ikkje kvitta seg med dei store bokstavane. Alle dei store dagblada synes ha haldi fast på den tradisjonelle skrivemåten like fram til 1907 da dei store bokstavane vart rivne med av nye og større omveltingar i den offisielle rettskrivinga. Ein del av skulda for at det gikk så trått, må styremaktene sjølve ta, som viste eit særs dårleg føredøme. Først i 1899 vart "Stortingets Forhandlinger" prenta med små bokstavar, og først 1900 finn vi dei i Kongelige resolusjoner.
Det er derfor med full rett at professor Moltke Moe omkring hundreårsskiftet i sine førelesingar om Retskrivning og folkedannelse seier at "våbenbraket – ikke bare om Knud Knudsens skrivebruk, men tilmed om verbenes flertalsformer og de store bokstaver i substantiver, det suser os jo om hodet den dag i dag".»
(Alf Hellevik: «Litt om striden om dei store førebokstavane i Noreg», I Språkrøkt og språkstyring, Det Norske Samlaget 1979, s. 227)