Gå direkte til innhold [access key = i] Gå direkte hovedmeny [access key = h] Gå direkte til kontaktinformasjon [access key = k]
Klarspråk – Klart språk i Staten
 

Nær 2 millionar til klarspråksarbeid

(27.6.2011) Tildelinga av årets klarspråksmidlar er klar, og 23 verksemder har fått støtte til å starte eller vidareføre arbeidet med å bli endå klarare i kommunikasjonen med innbyggjarane.

Prosjektet «Klart språk i staten» er eit samarbeid mellom Difi og Språkrådet. I tillegg til økonomisk støtte tilbyr prosjektet også rådgjeving og kurs på arbeidsplassen gjennom støtteordninga. I år søkte 27 verksemder om støtte, og dei fleste har fått godkjent heile eller delar av søknaden.

Det er mange verksemder som har fått støtte, og dei har ulike ambisjonsnivå på tiltaka. Nokre av dei, til dømes Utlendingsdirektoratet og Statens pensjonskasse, har drive systematisk språkarbeid i fleire år, medan andre er i startgropa. Barneombodet skal mellom anna lage ein forenkla versjon av barnekonvensjonen, medan Statens vegvesen satsar på å måle effektar av klarspråksarbeidet og utvikle e-læring. Landbruks- og matdepartementet skal få rådgjeving frå Språkrådet i samband med skriving av ei lov, medan Nav skal ta fatt på ein stor dokumentgjennomgang for å forenkle språket i ei rekkje brev og skjema.

Les oppslaget på regjeringa.no her.
Les meir om statlege språkprosjekt her.

Utviklet av Gazette