Også i Noreg finst det no tankesmier med ulik tendens. Ei tankesmie er eit organisert forum av forskarar, teoretikarar, intellektuelle o.l. som drøftar strategiske tema, leverer analysar og gir råd til leiarar innanfor politikken, næringslivet, det militære osv. Kjende norske tankesmier er den borgarleg-liberale Civita og den sosialistiske Stiftelsen Manifest.
Fenomenet stammar frå USA, og på engelsk heiter det think tank, ein term som er kjend sidan 1950-åra. Opphavleg var han brukt om organisasjonar som gav råd i militære spørsmål. Om tank her tyder ’lite, lukka rom’ eller siktar til noko militært (stridsvogner), er ikkje klart.
I ein database med norske avistekstar er den engelske termen registrert for første gong i 1983. Interessant nok er omsetjinga tenkjetank eldre, med dei eldste eksempla frå 1980. Dette kan vel spegle av ei mentalitetsendring blant journalistane, som fram til 1970-åra la meir vekt på å omsetje engelske ord i staden for å importere dei direkte, slik det seinare er blitt vanleg. Men framleis er elles både think tank og tenkjetank noko i bruk i norske aviser.
Norsk tankesmie er registrert første gong i 2001. Det er truleg inspirert av svensk tankesmedja, som i 2000 vart anbefalt i det svenske tidsskriftet Språkvård. Vi meiner at tankesmie er eit godt ord, og det ser no ut til å etablere seg som den vanlege norske termen.
Publisert: 8.9.2010