Gå direkte til innhold [access key = i] Gå direkte hovedmeny [access key = h] Gå direkte til kontaktinformasjon [access key = k]
 

Kirgisistan

Kvifor skriv vi Kirgisistan på norsk og ikke Kyrgyzstan, Kirgistan eller Kirgisia?

Når det sentralasiatiske landet Kirgisistan blir omtala i nyheitene, får vi av og til spørsmål om kvifor vi skriv Kirgisistan på norsk og tilsvarande på ein del andre språk, mens vi på visse språk òg finn former som Kyrgyzstan (engelsk), Kirgistan (polsk) eller Kirgisia (finsk).

Skrivemåten Kyrgyzstan er den transkriberte forma for kirgisisk Кыргызстан, Kirgistan kunne ha vori ein variant av det kirgisiske namnet tilpassa til uttalen på norsk (og andre språk), mens Kirgisia var namnet på sovjetrepublikken. Forma Kirgisistan er tilpassa norsk uttale, og når vi skriv med binde-i, får vi fram at det er tale om  ’kirgis-staden’, ikkje ’kirg-staden’.  Det å bruke binde-i her er også vanleg i dei tyrkiske og iranske språka i nabolanda: Kırgızistan (tyrkisk), Qırğızıstan (aserbajdsjansk), Gyrgyzystan (turkmensk), Qirg’iziston (usbekisk) og Қирғизистон (tadsjikisk, tilpassa transkripsjon: Qirghiziston).

Etterleddet -stan er eigentleg frå  persisk og tyder ’stad’. Det er ikkje tilfeldig at stad og -stan liknar; persisk og norsk er indoeuropeiske språk, og orda har det same etymologiske opphavet. Kirgisisk høyrer til den tyrkiske språkfamilien, men mange språk i Sentral-Asia har lånt -stan og mange andre ord frå persisk.


12. april 2010

 

Les flere aktuelle ord

 

«Aktuelt ord» er en spalte på forsida til Språkrådets nettsted, der vi tar opp aktuelle ord og tema. Vi legger ut nye ord med jevne mellomrom. Her finner du en liste over ordene som har stått i spalten.

 

Utviklet av Gazette