Sylfest Lomheim har vore språkdirektør i sju år. Den siste dagen i august vart han takka for innsatsen av representantar frå norsk kultur- og samfunnsliv. Regjeringa var òg representert, ved sida av fagråda, styret og dei tilsette i Språkrådet.
– Han Sylfest har vore her, seier folk med stoltheit og glede i blikket. Over heile landet, sa Øvrebotten i talen sin til Lomheim.
– Du har reist land og strand rundt, i utland med, og aldri spart deg når nokon spurde om du kunne kome. På same vis har du yppa til debatt om språk i Noreg og alt det inneber. Du har vorte folkets språkdirektør. Det er fordi du har ei uvanleg evne til å snakke enkelt og levande – og med eit uvanleg engasjement for språk, sa Øvrebotten til Lomheim.