Formval
I statstenesta kan vi berre bruka hovudformer, den såkalla læreboknormalen.
Om valfridomen innanfor læreboknormalen
Ordval
I tekstar frå det offentlege bør ein vera varsam med bruk av framandord. Har ein høg utdanning, kan ein missa kjensla for kva som er vanskelege ord. Skriv du viktige tekstar for allmenta, kan du godt prøva dei ut på vener og kjende som ikkje har høgare utdanning. Lag gjerne ei fagordliste på nettstaden med omsetjing til både nynorsk og bokmål.
Også norske ord kan vera abstrakte og vanskelege å forstå. Nynorsk har stort sett dei same generelle og abstrakte omgrepa som bokmål (heit-ord og liknande), men ein nyttar dei sjeldnare. Ein må ofte vera eit hakk meir spesifikk når ein vil skriva god nynorsk. Då gjeld det å velja den rette del- eller undertydinga av bokmålsomgrepa. Det føreset at ein forstår emnet til botnars. Det krev litt ekstra arbeid, men mottakaren og kommunikasjonen vinn på det.
Nynorskord er ofte meir sjølvforklårande enn bokmålsord, men til gjengjeld er mange tradisjonelle nynorskord mindre kjende enn dei var før. Ein bør halda seg mest mogleg til allment kjende ord og forklara resten.
Nynorsk ordlegging
Administrativ ordliste bokmål–nynorsk
Ordliste bokmål–nynorsk (plan- og bygningslova)
Setningsbygnad og stil
Det er ikkje nok å byta ut enkeltord når ein skriv nynorsk eller omset frå bokmål. Vi må bruka ein meir verbal og aktiv stil for å få godt mål. I nynorsk er stilidealet «mest mogleg munnleg og greitt». Det gjeld òg i tekstar frå det offentlege, same kva emnet er. Prøv å frigjera deg frå vanlege bokmålsmønster når du skriv nynorsk.
Nynorsk ordlegging
Klårspråksbrosjyre
Namn på norske og internasjonale institusjonar
Namn på offentlege institusjonar skal ha både nynorskform og bokmålsform. Det ideelle er ofte eit namn som kan brukast i begge målformene. Det er viktig å tenkja på dette før ein ny eller omorganisert statsinstitusjon vedtek eit bokmålsnamn! Språkrådet gjev råd om korleis ein skal laga og skriva namn på offentlege institusjonar.
Når ein har hastverk, gløymer ein lett å nytta dei særnamna som alt finst på nynorsk.
Namn på norske private organisasjonar skal ikkje omsetjast til nynorsk. Men utanlandske og internasjonale institusjonar som vi omtalar med ei norsk nemning, skal ha nynorsknamn i nynorske tekstar. Somme tider kan vi valfritt nytta bokmålsforkortinga, til dømes: FN eller SN (Dei sameinte nasjonane).
Namn på statsorgan i begge målformer
Nynorskundervisning
Difis nynorskkurs
Språktenesta for statsorgan
Kurshaldarar utanfor Språkrådet
Nynorskkurs og -øvingar på nettet
Startstreken – kva kan eg?
Nettkurs i nynorsk (både hovudformer og sideformer)
Nynorsk minigrammatikk (både hovudformer og sideformer)
Øvingar – frå bokmål til nynorsk (både hovudformer og sideformer)
Nynorsk – hjelp til sjølvhjelp (berre hovudformene, som skal brukast i statstenesta)
Nynorskordbøker og -ordlister på nettet
Nynorskordboka
Nynorsk ordliste
Administrativ ordliste bokmål–nynorsk
Administrativ ordliste i brosjyreform
Nytt i nynorske ordlister
Bøker om nynorsk målføring
Almenningen, Olaf: Nøkkel til nynorsk. Kompakt nynorsk-grammatikk. Oslo: Dag og Tid
Breivega, Ola: Råd for uråd. Vegvisar gjennom nynorske minefelt. Oslo: Det Norske Samlaget 1993. 120 s. ISBN 82-521-4128-5
Fretland, Jan Olav: På saklista : nynorsk språkbruk i statsforvaltninga. Tilrettelagt av Asgeir Olden. Oslo: Landssamanslutninga av nynorskkommunar/Det Norske Samlaget 2000. (Ein del av stoffet gjeld også for bokmål.) ISBN: 82-521-5608-8
Rommetveit, Magne: Med andre ord. Synonymordbok med omsetjingar frå bokmål til nynorsk. Oslo: Det Norske Samlaget 2007. Tredje utgåva. 839 s. ISBN 9788252168600. Finst òg i elektronisk utgåve: ISBN 9788252151794
Rommetveit, Magne: På godt norsk. Synonymordbok. Oslo: Det Norske Samlaget 2002. 318 s. ISBN 82-521-5893-5
Utgård, Karl Arne: Juridisk og administrativ ordliste. Bokmål–nynorsk. Oslo: Det Norske Samlaget 2002. 109 s. ISBN 82-521-5930-1
Venås, Kjell: Norsk grammatikk. Nynorsk. Oslo: Universitetsforlaget 1990. 187 s. ISBN 82-00-21066-9
Ofte stilte spørsmål
Er det ikkje lov å bruka s-genitiv i nynorsk? Må eg skriva «sin»?
Ikkje ver redd for sjølve s-en! Det har alltid vore god norsk med s i alle slags samansetningar (årstid, regjeringsskifte) og i faste uttrykk (i manns minne). Særnamn får òg gjerne s, jf. Noregs Bank. Det er lang tradisjon for å bruka s i ubestemt form (eit lands velstand, fleirtal: alle lands velstand), jamvel om det ikkje alltid er ideelt.
Det er i dei bestemte formene (t.d. landet+s, landa+s; statane+s) det skurrar mest. Norske dialektar har i staden helst preposisjon (ofte «til/åt»), samansetning eller ei lita setning – altså heller «ballen til ungane» enn «unganes ball», heller «barneleiken» enn «bornas leik», og heller «slik borna ser det» enn «frå bornas synsstad». Difor: «velstanden i landet/landa». Fyrst når slike alternativ manglar, treng vi s-genitiv. Sin-genitiv er sjeldan noko betre enn s-genitiv, men høver godt framfor «eigen».
Er det ikkje lov å bruka st-passiv i nynorsk, til dømes «søknad sendast departementet»?
Jau, men ikkje i dømet ovanfor, der sendast står i presens! Du er nøydd til å ta med eit hjelpeverb føre: «Søknad kan/skal/må sendast til departementet.» Her blir sendast infinitiv (som senda i «skal senda»), og det har alltid vore god nynorsk med -st i den samanhengen.
Når vi instruerer nokon, slik som her, kan vi rett nok ofte nytta imperativ (bydeform): «Send søknaden til departementet.» Somme tykkjer vel at det verkar uhøfleg. Men ein kan snu på det: Den som kjem inn i eit rom og seier «Vinduet lukkes!», vil truleg ikkje bli hugsa for høvisk framferd.
Ein kan òg kosta på seg «Ver venleg og send ...».
Kvifor skal det ikkje vere j i ord som bygging og røyking?
Det er unekteleg rart at ein kan røykje (eller røykja) medan røykjing er forbode. Slik er systemet:
å røykje – røykjer – røykte – har røykt
presens partisipp: røykjande || imperativ: røyk
men røyking
Likeins: å byggje – byggjer, men bygging
Dette bryt litt med systemet i målføra. Dei fleste dialektar som har j-lyd i verbet, har det òg i verbalsubstantivet på -ing: røykje – røykjing (men t.d. bake – baking med hard k).
Før skreiv ein -jing regelrett i slike ord, men j-en vart fjerna i ei reform slik at vi no mest aldri skriv j mellom k/g og i. Det skulle vere greitt å hugse. Men vi har framleis j etter t i mange ord, jamfør å setje – setjing.