I 2005 utarbeidde Försäkringskassan i Sverige ei intern rettleiing for skriving av vedtak. Vedtaksbrev blir oftast sende til enkeltpersonar, men er stort sett skrivne på grunnlag av brevmalar. Rettleiinga inneheld mange døme på korleis saksbehandlarar ikkje bør skriva, og kjem med konkrete framlegg til omskriving. Sjølve hovudbodskapen i rettleiinga er at eit vedtak skal utformast slik at lesaren kan forstå teksten og få med seg innhaldet utan å ha spesialkunnskap om fagfeltet.
Försäkringskassan har òg utarbeidd generelle retningsliner for språkføringa i etaten. Den gjelder både for utetterretta materiale, som nettsider, brosjyrar og skjema, og for interne dokument. Dei generelle retningslinene seier det same som retningslinene for vedtak: Tekstane skal vera lesartilpassa, korte og lett forståelege. Dei skal venda seg direkte til og ikkje omtala mottakaren.
Her finn du retningslinene som Försäkringskassan har utarbeidd.
Det svenske justisdepartementet har gjeve ut boka Klarspråk lönar sig. Der kan du lesa meir om Försäkringskassan og andre etatar i Sverige som har jobba bevisst med språket sitt. Du finn boka her.