Nei, det er ikkje noko ord som som rimar på «pølse», og som i tillegg er nokolunde kjent i bokmål eller nynorsk. Ein må ty til dialektvariantar eller meir sjeldne ord for å finne rimord:
«Mølse» er ein dialektuttale av «mylse», ein tradisjonell norsk ost. Skrivemåten i nynorsk er «myls(k)e», i bokmål «mølske».
«Å kjølse» er eit ord som er kjent mellom anna i Trøndelag. Det tyder ’å kulse’.
23. juli 2008