Orddeling og særskriving minner om kvarandre, men i språklæra dreier det seg gjerne om to ulike ting.
Når det ikkje er plass til å skrive meir på ei linje, kan vi dele eit ord med bindestrek før vi skifter over til ny linje:
lin-
je
røyk-
fritt
Slik orddeling ved linjeskift er det reglar for. Det må vere minst to stavingar i eit ord for at vi kan dele det. Vi kan dele ordet ved å la éin konsonant og éin vokal gå over til neste linje (lin-je, hiks-ta, ek-sem-pel), eller vi kan dele mellom ledda i ordet (røyk-fritt, eks-emp-el).
Orddelingsfeil er t.d. «rik-savis», «hik-ste» og «ordd-eling».
Særskriving vil seie å skrive samansette ord i to eller fleire ord. Det er ein vanleg skrivefeil i dag at ord som skal skrivast i eitt, blir skrivne i to ord: «røyk fritt» i staden for «røykfritt», «kjempe bra» for «kjempebra».
27. juli 2009